Høyring og offentleg ettersyn - Reguleringsplan - fv. 5591 Rørdalsfjord bru

I medhald av plan- og bygningslova §12-10, har Formannskapet i Solund kommune den 29.10.2025, som sak 24/86, gjort vedtak om å legge planframlegg ut til offentleg ettersyn.


Vestland fylkeskommune står for utsending av framlegg til plan, kunngjering og mottak av innspel og merknadar. Dei ulike innspel og merknadar vert etter dialog med ulike partar lagt samla fram for Solund kommune som planmynde. Du kan lese meir under kunngjeringar i lenka

Høyringsfristen er 4. januar 2026. 

Fjordkysten og Sunnfjord skal bli ein meir bærekraftig reiselivsdestinasjon

Pressemelding frå Visit Fjordkysten og Sunnfjord: Fjordkysten og Sunnfjord har blitt tildelt diplom fra Innovasjon Norge for sitt arbeid med bærekraftig utvikling av reisemålet. 

Solundprisen 2025

Kven syns du burde få Solundprisen i 2025? Kom med forslag til prisvinnar 

Fjordkysten Regional- og Geopark er blitt UNESCO Global Geopark

Hausten 2024 var UNESCO på besøk i Solund for å avgjere om Fjordkystparken skulle få status som ein UNESCO Global Geopark. Torsdag 17. april 2025 vart det kunngjort at Fjordkysten regional- og geopark er blitt UNESCO-sertifisert! 

Universelt tilrettelagt bade- og friluftsområde i Solund kommune

Solund kommune ynskjer å søke midlar til å etablere universelt tilrettelagte bade- og friluftsområde i kommunen. I samband med dette arbeidet ynskjer ein å kartlegge behov og ynskje frå publikum.

Solunddagen 23. august 2025

I år er det 26. året Solund Næringssamskipnad er arrangør for Solunddagen i  samarbeid med Solund kommune, lag og organisasjonar i Solund. Her møtast mange, og nye kontaktar vert etablert.

Utforsk Solund - eit paradis for natur- og eventyrlystne og jobbsøkjarar

Med sine 1700 øyar, holmar og skjer, er Solund eit perfekt reisemål for unike naturopplevingar. 

Kunngjering eigedomsskatt 2025

I medhald av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for år 2025, sak 073/24 og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i seks veker frå 26. februar 2025. 

Dagsturhytta - nytt opplag av boka

Solund kommune har motteke dei nye bøkene med informasjon om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane. Bakerst i boka finn du kart med oversikt over hyttene i HordalandBoka er eit flott oppslagsverk med informasjon om hyttene og du kan få den gratis på Gjenbruket, kommunehuset eller biblioteket. 

Endra inngang på Solund treningssenter

Frå 26.11.2024 må ein bruke inngangen mot fotballbana når ein skal inn på treningssenteret. Det vert då óg tilgang til garderobe.Inngangen som har vore brukt til no vert stengt

Kvardagsrehabilitering

Tilbodet om kvardagsrehabilitering har hatt ein pause, men er no eit tilbod ein kan søkje om attLes meir om tilbodet her