Høyring og offentleg ettersyn - Reguleringsplan - fv. 5591 Rørdalsfjord bru

I medhald av plan- og bygningslova §12-10, har Formannskapet i Solund kommune den 29.10.2025, som sak 24/86, gjort vedtak om å legge planframlegg ut til offentleg ettersyn.


Vestland fylkeskommune står for utsending av framlegg til plan, kunngjering og mottak av innspel og merknadar. Dei ulike innspel og merknadar vert etter dialog med ulike partar lagt samla fram for Solund kommune som planmynde. Du kan lese meir under kunngjeringar i lenka

Høyringsfristen er 4. januar 2026. 

Kvardagsrehabilitering

Tilbodet om kvardagsrehabilitering har hatt ein pause, men er no eit tilbod ein kan søkje om attLes meir om tilbodet her

Komme i gang med trening?

Frisklivssentralen i Solund Kommune vil fram til nyttår vere tilgjengelege ved Solund Treningssenter kvar måndag og torsdag.Dette er eit lågterskeltilbod til alle som ynskjer å komme i gong med trening.

Solund kommune har inngått medlemskap med Ovasjon

Medlemskapet har som primærføremål å gje Solund kommune og aktuelle aktørar i kommunen tilgang til Ovasjon-programmet. Utover primærføremålet vil medlemmet bli synlege overfor den målgruppa som Ovasjon har berøring med - både tidlegare og framtidige deltakarar, samt høve til å delta i nettverksaktivitetar arrangert av Ovasjon

Oppfriskingsvaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

Det siste året har det vert aukande tilfelle med kikhoste i Norge.Kikhoste kan gje alvorleg sjukdom hos sårbare grupper og Solund kommune går derfor ut med tilbod om vaksinering etter råd frå FHI.

Slamtømming

Alle bustader og fritidshus med avløp må ha ei abonnent-ordning for tømming av septiktank. Det er Norva24 som i hovudsak utfører tømming i Solund. Du kan sjekke om du har avtale her

Bygdevekstavtale

Avtalen er eit samarbeid med Fedje kommune, og kommunane mottek tilsaman to millioner i første omgang, med mogelegheit for fire millioner til i ein seinere fase. Du kan lese meir på heimesida til Solund kommune (lenke).

Informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru

Tysdag 31.10.2023 vart det halde informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru i regi av Vestland Fylkeskommune og Skanska. Omlag 80personar hadde teke turen til Solund Grendahus denne kvelden.

Søk tilskot frå fritidsfondet eller arrangement for sosial utjamning

Alle barn og unge har rett til å delta i leik, fritidsaktivitetar og kulturliv. Fritidsfondet bidreg til at fleire får delta. Dersom ein har utfordringar med økonomien, har ein mogelegheit til å nytte denne ordninga. Retningslinene er no revidert. 

Solund kommunestyre 2023 - 2027

Torsdag 26.10.2023 hadde det nye kommunestyre sitt fyrste møte.Gunn Åmdal Mongstad vart samrøystes vald til ordførar for ein ny periode! Ho startar såleis på sin femte periode som ordførar i Solund, med John Sigfred Hugøy som ny varaordførar. 

Lokalsamfunnet inn i skulen

4.-6.oktober fekk elevane på Solund barne- og ungdomsskule nokre litt annleis skuledagar. I samband med at dei aller fleste lærarane hadde studiedagar og var bortreiste, tok andre tilsette i Solund kommune, i samarbeid med lokalt næringsliv og nokre lag/organisasjonar, ansvar for undervisninga.