Førebyggjande heimebesøk

Fysio- og ergoterapitenesta har sendt ut invitasjon om førebyggande heimebesøk til alle som har fylt 75 år i kommunen.

Vi har ikkje fått kontakt med alle, og difor ber vi om at du tek kontakt dersom du likevel kunne tenkt deg eit førebyggande heimebesøk.

Førebyggande heimebesøk er eit frivillig og gratis tilbod, der ergoterapeut eller fysioterapeut kan gje informasjon og rettleiing som kan bidra til auka tryggleik, ein aktiv og meiningsfylt kvardag og kunne bu lengst mogleg heime.

Ergoterapeut tlf.: 459 74 006

Fysioterapeut tlf.: 400 34 833