Møte formannskap og kommunestyre 08.06.2023

Solund formannskap og Solund kommunestyre er kalla inn til møte torsdag 8. juni frå kl 09.00 i Grendahuset på Hardbakke

Likefinsomfør sommarkampanje

Hald Noreg Reint har for fjerde året på rad invitert til sommerdugnaden #likefinsomfør.  Dette er ein nasjonal kampanje mot forsøpling som skal inspirere ferierande i Norge til å ta vare på stadane dei besøker, fremje flott natur og minne oss om å ferdast sporlaust.

Møte i Solund administrasjonsutval og Solund formannskap

Administrasjonsutvalet og formannskapet er kalla inn til møte torsdag 25.05.2023 frå kl 10.00 på kommunen sitt møterom

Retningslinjer kommunal kai på Hersvik

No nermar sommaren seg att og det er fleire og fleire som nyttar seg av kaiene på Hersvik. Ein ynskjer difor å minne om retningslinjene som gjeld for bruk av disse. Dersom alle følgjer desse retningslinene og fortøyer hensynsfullt, vil fleire få nytte av kaiene gjennom sommeren

Solundprisen 2023 - Kom med forslag!

Kven syns du burde få årets Solundpris? No kan du sende inn forslag på bedrifter eller personar som du synest har gjort ein ekstra innsats for det lokale næringslivet.  

Møte i Solund kontrollutval 16.05.2023

Solund kontrollutval er kalla inn til møte tysdag 16. mai 2023 på Solund kommune sitt møterom. Saker til handsaming i møtet kan de lese her

Møte i Valstyret og Formannskap 11.05.2023

Solund valstyre og Solund Formannskap er kalla inn til møte torsdag 11.05.2023 frå kl 09.00 Møtestad er Solund kommune sitt møterom Saker til handsaming i valstyret kan de lese her Saker til handsaming i formannskapsmøtet kan de lese her

Kommunevalet 2023 - listeforslag til ettersyn

Det har kome inn 4 listeforslag til kommunevalet 2023. Partia som har levert liste er Arbeiderpartiet, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti

Solund kommune har for tida gjennomgang av gamle næringsfondsaker

Solund kommune har for tida ein gjennomgang av gamle næringsfondsaker, og ser på kva prosjekt som er ferdige og ikkje. Det er ein del næringsfondprosjekt der det ikkje er sendt inn rekneskap, sluttrapport og kravd sluttutbetaling på, og det difor står att ikkje utbetalte midlar på. Solund kommune ynskjer å få ei avslutting på desse for å frigjere midlar til nye søknader. 

Trening for ungdom på Solund treningssenter

Frå veke 16 vil ungdom mellom 13-15 år kunne trene onsdag og fredag frå kl. 14:40 - 16.00 saman med aktivitetsleiar på treningssenteret framover. Lokalet er tilgjengeleg for andre óg i dette tidsrommet