Nytt skulebygg med bibliotek

Bilete viser prosjekttekningar av ny skule - Klikk for stort bilete

Eg vart så glad for vedtaket om nytt skulebygg at eg måtte felle nokre gledestårer då eit samstemt kommunestyre gjorde vedtaket og ordføraren kunne klubbe eit positivt vedtak, seier rektor Gunnlaug Osvoll Røed.

Torsdag 7. september 2023 vedtok kommunestyret i Solund å rive den gamle ungdomskulen til fordel for eit nytt skulebygg. Vedtaket var einstemmig, etter ein nøysam prosess som har gått føre seg sidan 2015.  Åsen og Øvrelid AS har fått i oppgåve om å lage den nye skulen med tilhøyrande uteområde. Selskapet er eit av dei største entreprenørselskapa på Nordvestlandet, og har fokus på kvalitet, sikkerheit, nytenking og minst mogleg påverknad på omgjevnadane.

Rektor Olsvoll Røed har vore involvert i prosessen med både innspel og ved å organisere arbeidet internt i skulen. Olsvoll Røed trekkjer òg fram tidlegare rektor Freddy Indrebø som ein viktig del av arbeidet, og dessutan godt samarbeid frå Øystein Bolset Strand og prosjektleiar Håkon Langvad, som ho seiar har vore viktig for framdrifta av prosessen.

Musikk og kultur

Det nye skulebygget vil òg få eit nytt skule- og folkebibliotek. Biblioteket vil ha innandørs og utandørs tilgang, slik at private lett kan nytta seg av biblioteket òg i skuletid. Det nye skulebygget vil òg ha eit innandørs- og utandørs amfi. Her vil det vere høve for førestillingar, konsertar, samlingar og meir, både på dagtid og kveldstid.

Ny lærarfløy

Det nye skulebygget vil få ein eigen kontorfløy kor både ungdomsskule- og barneskolelærarane vil ha tilhaldsstad. Frå fløyen vil det gå ein utandørs passasje mellom barne- og ungdomskulebygga. Dette vil knyta både stab og bygg med kvarandre. Rektor Olsvoll Røed seier at ho veit at det er tilsette som kjenner på at eit nytt skulebygg gir ein ekstra giv og lyst til å stå i jobben framover.

Tenkjer framover

Både det nye skulebygget og tilhøyrande uteområde tek miljø og klima i betraktninga. Eit viktig element på uteplassen er overvasshandterings-renna. Denne tek høgd for framtidig auke av nedbørsmengder, og vil leia vatnet til ein dam. Renna fungera både praktisk, men også til leik og moro. Passasjen som knyter dei to skulebygga saman vil òg fungera som ein vindskjerm for skuleplassen. Det nye skulebygget er tilrettelagt for framtidig utnytting av solkraft. Taket vil vere bygd på ein slik måte at det lett kan bli installert solcellepanel. Det er òg planlagt bygging av eit innsekthotell i skulegarden. Dette er gunstig med tanke på miljøomsyn, i tillegg er det ein måte å ta med klasserommet utandørs. Prosjektet har òg eit mål om å ta vare på det som er mogleg å ta med vidare. Til dømes vil den noverande ballbingen blir verande urørt saman med pingpong-borda som står i skulegarden.  

Både politikarar, lærarar og elever gler seg til opninga av nytt skulebygg  i august 2025!

No får vi eit moderne og funksjonelt bygg som ligg godt til rette for framtidsretta undervisning. […] Eg håpar også at småbarnsfamiliar vil komme til kommunen og få glede seg over eit samla skulebygg, med barne- og ungdomskule under same tak. Dette trur eg vil vere med å skape god opplæring og trivsel for våre barn og unge, seier rektor Olsvoll Røed.