Nytt skulebygg med bibliotek ved Solund barne- og ungdomsskule vert realisert

Signering av kontrakt - Klikk for stort bileteSignering av kontrakt

2. oktober 2023 vart  kontrakta for nytt skulebygg og bibliotek signert .

Det er Åsen og Øvrelid som har fått oppdraget, og kontrakten har ein verdi på 73.388.000,- pluss prisstigning. Det totale prosjektet får ei totalramme på 96.266.030,-.

I tillegg til det nye bygget, omfattar dette  mellom anna riving av eksisterande ungdomsskulebygg, opparbeiding av uteområde, tidlegare prosjektkostnader, erstatningsskule og parkeringsplass.

Vedtak om bygging vart gjort i kommunestyret 7. september 2023 og var samrøystes. 

Bygget vil vere godt tilrettelagt for aktivitetar både i og utanom skuletida, og vil også vere tenleg for brukarar med ulike behov. 

Skulen  vil ha både eit innandørs og utandørs amfi, og ha løysingar som gjer det mogleg  å legge til rette for nye energiløysingar i framtida. Eit viktig element med den nye skulen er å kunne samle heile personalavdelinga. Rektor Gunnlaug Osvoll Røed omtalar den nye skule som "eit moderne og funksjonelt bygg som ligg godt til rette for framtidsretta undervisning".

Etter planen skal det nye bygget stå klart til skulestart august 2025. 

Vi gler oss!

         

Finn Ove Øen og Gunn Åmdal Mongstad - Klikk for stort bilete
Gunnlaug Olsvoll Røed, Finn Ove Øen, Gunn Åmdal Mongstad, Jens-Eivind Kobbeltvedt - Klikk for stort bilete