Oppvekst

I Solund veks barn og unge opp tett på lokalsamfunnet rundt seg. Her møtest menneske på tvers av alder og livsfase, og kontakten mellom heim, fritid og skule, eller barnehage, er tett. Havet er ein naturleg del av oppveksten, og med eigen båt til disposisjon for skule og barnehage lærer barna tidleg å meistre og bruke havet aktivt.

Hardbakke skule

Ein skule for framtida

I Solund satsar vi på framtida. Hausten 2025 stod ein heilt ny ungdomsskule klar på Hardbakke, med moderne læringsareal og gode rammer for utvikling og trivsel. Skulen ligg sentralt til, med kort veg til idrettspark, symjehall, bibliotek og ungdomsklubb, og gir elevane tilgang til eit variert og aktivt oppvekstmiljø.
 

Ei investering i framtida

Vi ønsker at fleire skal finne vegen heim att. Difor får alle elevar som avsluttar 10. klasse eit verdibrev med ein verdi på 20 000 kroner, som blir indeksregulert over tid. Verdibrevet kan nyttast når mottakaren kjøper eigen bustad i Solund.