Kjøpe

Drøymer du om å busette deg i Solund? Dei fleste bustader til sals blir annonsert på Finn.no, men det kan òg vere lurt å følge med i lokale nettverk, eller legge ut ei etterlysing sjølv. I eit lite lokalsamfunn er det ofte nokon som veit om bustader som snart kjem for sal. Ta gjerne kontakt med oss om du er på jakt etter bustad, så hjelper vi deg vidare.

Treng du hjelp til å komme deg inn på bustadmarknaden?

Har du inntekt til å betala lån, men manglar eigenkapital eller tilstrekkeleg finansiering? Då kan startlån vera ei mogleg løysing. Les meir om ordninga og kven som kan søka.