Kultur, fritid og frivilligheit

I Solund blir det meste skapt i lag. På bana, i turløypa, på scena, på sjøen og gjennom frivillig innsats. Her finn du aktivitetar, opplevingar og fellesskap som gir liv til lokalsamfunnet.

Idrett

I Solund er det gode mogelegheiter for trening og fysisk aktivitet året rundt. Tilboda spenner frå uorganisert kvardagstrening til organiserte idrettsaktivitetar, både inne og ute. Det finst aktivitetar for ulike aldrar, nivå og interesser. Sentralt på Hardbakke finn du symjehall, idrettshall, treningssenter, idrettspark og diskgolfbane, og gjennom BUA kan du låna utstyr til ei rekke aktivitetar på sjø og land, heilt gratis. 

Friluftsliv

Solund byr på eit variert nett av turløyper i eit ope og vêrhardt kystlandskap. Her finn du alt frå korte nærturar til lengre fjellturar gjennom lynghei, skog og det særmerkte konglomeratlandskapet, ofte med storslått utsikt mot havet. Mange av turane er samla i Stikk UT!-appen, og for dei som føretrekkjer sjøvegen, er Solund òg eit eldorado for kajakkpadling.

Kultur

Kulturlivet i Solund er variert og levande, med aktivitetar og arrangement gjennom heile året. Frå bibliotek og bygdekino, til SolundFest, konsertar, skulemusikk og kulturskule finn du tilbod som skaper møteplassar, fellesskap og gode opplevingar for alle aldrar.