Bu og leve

Å bu i Solund betyr å vere omgitt av havet, små grender og eit trygt lokalsamfunn. Her finn du bustadar med utsikt mot hav og fjell, og nabolag der folk kjenner kvarandre. Enten du er på jakt etter di første bustad, ønsker meir plass til familien eller drøymer om eit liv tettare på naturen, er du velkomen til å bygge framtida di i Solund.

Hjarte av skjel

25 000 gode grunnar til å velge Solund

Visste du at du kan få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år dersom du bur i Solund og er yrkesaktiv? Ordninga er ein del av ei nasjonal satsing for distriktskommunar, og gjer det endå meir attraktivt å busette seg her.