Om næringslivet

Eit sterkt og variert næringsliv er viktig for eit levande lokalsamfunn. I Solund finn du verksemder som bidreg til verdiskaping og utvikling, både på land og til havs.

Omringa av hav har Solund alltid vore prega av fiskeri og kystrelaterte næringar. I dag er mykje av næringslivet framleis tett knytt til havet, med særleg aktivitet innan havbruk, fiskeri, reiarlag og marin og maritim service- og leverandørindustri. 

Samtidig har vi eit breitt og variert næringsliv, med verksemder innan bygg og anlegg, elektro og røyr, handel, og fleire små og engasjerte verksemder innan mellom anna reiseliv, service og handverk.

Solund kommune er ein aktiv tilretteleggar for næringsutvikling, og arbeider for å skape gode rammevilkår for både etablerte verksemder og nye initiativ. Som største arbeidsgivar tilbyr kommunen òg eit breitt spekter av arbeidsplassar, og vi har jamleg behov for dyktige folk i ulike stillingar. 

Uansett om du er interessert i privat eller offentleg sektor, er du velkomen til å ta kontakt med oss. Vi hjelper deg gjerne med å sjå nærare på moglegheitene i Solund. Du kan òg sjå ledige stillingar her.