Opplevingar

Solund byr på mange varierte opplevingar. Her finn du unik geologi, rik kyst- og vikinghistorie, levande kulturtradisjonar, spektakulære naturopplevingar og no også svømmeturisme i verdsklasse. Utforsk alt øyriket har å by på, både til lands og til havs.

UNESCO-geopark og geologi

Solund er ein del av Fjordkystparken, Noregs vestlegaste UNESCO-geopark. Ein geopark er eit levande landskap med geologisk arv av internasjonal verdi, og i Solund kjem dette særleg til uttrykk gjennom konglomeraten vår, ein heilt spesiell bergart som er danna av steinar og sandmassar som har vorte pressa saman over svært lang tid.

Men geologi handlar om meir enn stein. Berggrunnen har forma både naturen og menneskelivet her ute. Kystlyngheia er kanskje det fremste dømet på dette, eit levande vitnemål om samspela mellom menneske og natur, og om korleis generasjonar har livnært seg langs kysten.

Utvær

Utvær er Noregs vestlegaste øygruppe og heimstad for landets vestlegaste fyr, Utvær fyr. Gjennom generasjonar har fyret vore eit viktig sjømerke for dei som ferdast langs kysten. Men Utvær har ei langt eldre historie. Øygruppa var ein viktig møtestad for sjøfarande og eit livskraftig fiskevær fram til byrjinga av 1700-talet. Ho er mellom anna kjend frå soga om Harald Hardråde, som samla flåten sin her før den skjebnesvangre ferda til England i 1066.

I dag kan du sjølv oppleve dette særprega landskapet ytst mot storhavet. Det går lokal rutebåt til Utvær året rundt, og om sommaren kan du òg bli med på fyrsafari.

Lågøystolane

På ein liten holme utanfor Lågøy finn du Lågøystolane. Namnet har dei fått etter den stol-liknande formasjonen, men eigentleg er Lågøystolane store flyttblokker av konglomerat som vart liggande att på den vesle holmen etter siste istid.

Det finst fleire måtar å oppleve Lågøystolane på. Tek du postbåten, går ruta forbi holmen og gjev deg eit flott utsyn til formasjonane. Det er òg mogleg å leige kajakk og padle ut på eiga hand. Har du eigen båt, kan du besøke Lågøystolane sjølv, men hugs at det ikkje finst kai i nærleiken.