I Solund startar reisa på sjøen. Som øykommune er vi knytte saman med omverda gjennom ferje, hurtigbåt og båttrafikk. Her finn du det du treng å vite for å planlegge reisa til, frå og rundt om i øyriket.
Ferja til Solund går frå både Rutledal i Gulen kommune og Rysjedalsvika i Hyllestad kommune. Ferja er gratis, og gir deg ein flott inngang til øyriket. På veg til Solund kan du oppleve at ferja først legg til på øya Losna, ei historisk øy med røter tilbake til mellomalderen, før turen går vidare til Krakhella ferjekai. Frå Krakhella er det om lag 30 minutt med bil til kommunesenteret Hardbakke. Ver merksam på at vegane er smale, og at beitedyr kan ferdast både langs og i vegen.
Enten du kjem frå Bergen i sør, Nordfjord i nord eller frå Sogndal og Flåm inst i Sognefjorden, er det enkelt å reise til Solund med hurtigbåt. Dei ulike rutene gir gode samband til øyriket frå både kysten og fjordane. Dei lokale bussrutene korresponderer med hurtigbåtane, slik at du enkelt kjem deg vidare til ulike deler av kommunen.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Quisque luctus dignissim vestibulum. Curabitur volutpat vestibulum convallis. Donec magna nisl, efficitur et velit eu, lacinia interdum justo.
Kjem du til Solund med eigen båt…….
Næraste flyplass er Bergen lufthamn, Florø lufthamn, Førde lufthamn eller Sogndal lufthamn. Frå Bergen, Florø og Sogndal kan du ta hurtigbåt vidare til Solund, medan det enklaste frå Førde er å leige bil.