Jobbe

Solund er ein liten kommune, men med eit næringsliv som strekker seg langt utover eigne grenser. Her blir framtida skapt kvar dag, i alt frå havnæringar med internasjonal rekkevidde til små og mellomstore bedrifter som spelar sentrale roller i lokalsamfunnet. Samtidig finst det plass til dei som ønsker å starte noko nytt, tenke stort eller bidra til vidare utvikling. Vil du vere med og skape framtida i Solund?

Søre Mortevika

Ledig næringsareal

Ser du etter den rette staden for di neste etablering? I Søre Mortevika finn du eit næringsområde midt i hovudskipsleia, med stort potensial og gode moglegheiter for framtidig utvikling. Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Ta med jobben til Solund!

I Solund ligg forholda godt til rette for fjernarbeid. Med kontorfellesskap, stabilt fibernett og gode samband til Bergen, Førde og resten av regionen, kan du jobba der du trivst best.