Bygge

I Solund finst det fleire moglegheiter for deg som ønsker å bygge din eigen bustad. Vi har ledige tomter i tre regulerte bustadområde, alle med nærleik til natur og sjø. Ønsker du å bygge ein annan stad, hjelper vi deg gjerne med å utforske moglegheitene. Ta kontakt med oss i dag, så finn vi vegen vidare saman.

Visste du at du kan få lån frå Husbanken til å bygge bustad?

Du kan mellom anna søke om lån dersom du vil bygge ein miljøvennleg bustad, ein livsløpsbustad tilrettelagd for alle livsfasar, eller oppgradere eksisterande bustad med betre tilgjenge og energieffektive løysingar.