Verdibrev for ungdom

I samband med tiltak for å få ungdom tilbake til Solund kommune gjorde Solund kommunestyre følgjande vedtak i K-sak 020/02

  • I samband med avslutting i 10. klasse vert det delt ut eit verdibrev til kvar ungdom. 
  • Storleiken på verdibrevet er kr. 20 000,- indeksregulert etter konsumprisindeksen med utgangspunkt 01.07.02
  •  Ved innløysingspunktet vil ein følgje gjeldande økonomisk regelverk.
  •  Verdibrevet er gyldig til og med det året mottakar fyller 34 år.
  •  Verdibrevet vert innfridd ved dokumentasjon om at mottakar av verdibrevet eig leilegheit eller einebustad i Solund kommune.
  •  Bustaden skal vere heilårsbustaden til mottakar av verdibrevet.

 

Slik løyser du inn verdibrevet

  • Når du ynskjer å løyse inn verdibrevet sender du ein e-post om dette til post@solund.kommune.no  
  • Oppgje kva husvære du har kjøpt/eig.  
  • Du kan gjerne sende med kopi av verdibrevet, men dette er ikkje eit krav.
  • Hugs å oppgje kontonummeret for utbetaling
Amund Fuglebakk Aglen
Stabsleiar
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 14
Mobil 40 49 29 08