No kan du bestille time hos fastlegen elektronisk

Solund legekontor har fått nytt journalsystem - Pasientsky.

Førebyggjande heimebesøk

Fysio- og ergoterapitenesta har sendt ut invitasjon om førebyggande heimebesøk til alle som har fylt 75 år i kommunen. Vi har ikkje fått kontakt med alle, og difor ber vi om at du tek kontakt dersom du likevel kunne tenkt deg eit førebyggande heimebesøk.

Reservert tid på Solund treningssenter

    Frå veke 35 vil fysioterapitenesta bruke treningssenteret til gruppetrening kvar måndag kl. 11.00 - 13.00. Treningssenteret vert stengt for andre brukarar i desse tidsromma.