Koronaviruset - Covid 19

 

Her finn du: Oversikt over siste nytt  og meir Informasjon og tiltak frå Solund kommune

Praktiske spørsmål rundt koronaviruset? Ring sentralbordet: tlf 57 78 62 00

Medisinske spørsmål om koronaviruset?
Ring lokal koronatelefon 954 53 525 (mandag - fredag, 09 - 12) eller den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015.

Treng du legehjelp utanom normal arbeidstid ring 116 117.

 
Aktuelt
Publisert 23.09.2016

Kartverket har meldt til kommunen, at i samband med fastsetting av adressenamna i kommunen, må det fastsettast rett skrivemåte av opphavsnamnet til ein del adressenamnet i namnesak etter stadnamnlova.

Kartverket har samstundes ønskje om å rydda opp i ulikskap i eksisterande skrivemåte av namn i det offentlege kartet og matrikkelen for ein del av eigedomane i kommunen. Eigedomsnamnet vert varsla direkte av kommunen. Liste på stadnamn som det er reist namnesak for finn du her. (PDF, 474 kB)

 

Publisert 05.08.2016

Solund Helsestasjon har bilstolar til utleige.

Bilstoler 0 – 13 kg
Bilstol 2 in 1 9-18 kg / 15 – 36 kg.

 

Leigeperioden opp til 1 år .

 

Ta kontakt med Leiande helsesøster Hilde Marit Nikolaisen Trovåg

Telefon: 57 78 62 82/ 95 84 64 13

E.post: hilde.marit.trovag@solund.kommune.no

 

Publisert 15.02.2016

 

 Vold i nære relasjonar, overgrep og voldtekt kan ramme alle menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kor hjelpa fins. Mange ynsker og meir kunnskap om vold og overgrep.

dinutvei.no er ein nasjonal nettportal der ein finn oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du og informasjon, fagstoff og ei spørsmål og svar-teneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt.

Publisert 05.01.2016

 

 

 

Solund formannskap har den 26.11.2015 vedteke adresseplan for kommunen

Planen er tilgjengeleg på kommunehuset og kommunen si heimeside formannskapssak 073/15.

 

Du kan og lese saka her. (PDF, 225 kB)

Vedlegg:

Plankart for heile kommunen. (PDF, 11 MB)

Plankart for Hardbakkeområdet. (PDF, 7 MB)

 

Publisert 07.10.2015

HM Kongen og HM Dronninga har invitert eldre eldsjeler over heile landet til Afternoon Tea på Slottet 15.10.15. Ei av dei eldsjelene som er invitert er Odny Ravnøy frå Solund.

 

Publisert 21.09.2015

 

 

Frå 01.09.2015 vert 116 117 (hundreogseksten- hundreogsytten) eit landsdekkande telefonnummer til legevakt

Publisert 30.06.2015

Frå 1. juli 2015 er det  gjort endringar i Plan og bygningslova som medfører at fleire byggetiltak kan setjast i gong utan å søkje kommunen fyrst

 

På visse vilkår og i samsvar med PLAN  kan du på eiga bebygd bustad- eller fritidstomt  mellom anna:

  •  Setje opp eit frittståande bygg (garasje/bod/uthus)  på inntil 50m2. Bygget  må vere på ein etasje, utan kjeller,  ha maksimal mønehøgde på 4,0 meter og gesimshøgde på 3,0 meter. Bygget må plasserast  minimum 1 meter frå nabogrensa, og kan  ikkje innehalde rom for varig opphald; d.v.s. stove, soverom, kjøkken eller bad.
  • Setje opp  eit tilbygg (altan, sykkelbod, overbygd inngangsparti m.m.)  på inntil 15 m2. Tilbygget må plasserast minst 4 meter frå nabogrensa,  og kan heller  ikkje innehalde rom for, eller nyttast til varig opphald.
Publisert 29.06.2015

Ei helg i juni hadde kulturskule i Solund fokus på mat vi finn i fjøra. Her kan de sjå ein film om litt av det ein opplevde denne helga.

Publisert 04.06.2015

 

Berre fantasien set grenser for korleis former og fargar kan setjast saman til kunst.

I faget kunst og handverk har elevar i 8 klasse arbeida med temaet landart. I samband med dette laga dei denne flotte formasjonen på den kvite sandsirkelen under lyslykta nede ved Hardbakke Hamn. Fantastisk flott