Midlar til bedriftsintern opplæring

Vestland fylkeskomune lyser ut 5 250 000 millionar kroner til bedriftsintern opplæring for 2025.

Bedriftsintern opplæring skal nyttast til kompetanseheving som fremjar:

  1. Grøn omstilling i form av endring i produksjon, etablering i nye marknader.
  2. Inkludering.
  3. Beredskap og styrking av lokal, regional og nasjonal totalberedskap.


Det er berre bedrifter som kan søke, og øvre søknadssum er sett til 250 000 kroner samstundes som maks beløp per tilsett blir 40 000 kroner. Verksemder som har fått tildelt midlar i denne ordninga dei tre føregåande åra vil ikkje bli prioriterte. 

Du kan lese meir om ordninga her

Her kan du lese kva ordninga har hatt å seie for Malermester Eilert & Edvin Holme as i Sogndal