Høyring av utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen for Solund 2026-2038

Kommunestyret i Solund vedtok 6. november å legge utkast til samfunnsdelen til kommuneplanen på høyring og offentleg ettersyn (k.sak 059/25). I utkastet til samfunnsdelen kan du lese om korleis vi ynskjer å ha det i 2038, og noko av det vi må gjere for å få det til. Vi vil gjerne ha tilbakemelding på om målsettingane i høyringsutkastet famnar om dei viktigaste utfordringane i vår kommune, om Solund om 12 år er slik du vil ha Solund, og om områda i kapittel 3 er det vi bør arbeide mest med fram til 2028.

Vi oppmodar spesielt offentlege aktørar til å uttale seg spesifikt til dette planutkastet, og ikkje i generelle vendingar.

Kommunen har arbeidd med denne planen sidan starten av 2024, og det vart gjennomført arbeidsverkstader i kommunestyret med inviterte aktørar. I tillegg vart det gjennomført arbeidsverkstad med frivillige lag og organisasjonar. Utkastet til samfunnsdelen bygger på alle innspela som er komne inn, saman med tverrpolitisk og administrativt arbeid. Du kan lese meir om dette i saksframlegget.

Utkast til samfunnsdelen er tilgjengeleg digitalt på nettsidene til kommunen. Utkastet er også tilgjengeleg i trykt versjon i resepsjonen på kommunehuset.

 

Frist for å sende høyringsinnspel er 5. januar 2026. Du kan sende innspela på to måtar:

1.    På e-post til post@solund.kommune.no . Merk e-posten med: «Innspel samfunnsdel».

2.    Ved brevpost til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke. Merk brevet med sak: «Innspel samfunnsdel».

 Alle skriftlege tilbakemeldingar vil bli behandla administrativt, og blir lagt fram som del av den politiske sluttbehandlinga av samfunnsdelen.

Har du spørsmål kan du kontakte rådgjevarr Anne Kristine Dyrdal på e-post Anne.Kristine.Dyrdal@solund.kommune.no eller telefon 57 78 62 08.

Lenke til planen som ligg høyring: Framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel 2026 - 2038 (PDF, 2 MB)

 

Elektroniske vedlegg: 
Saksframlegg med vedtak om å sende utkast til samfunnsdelen 
Kommunal planstrategi, kunnskapsgrunnlag, og arbeidsverkstader
Vedtatt planprogram for ny samfunnsdel
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2030