Søk støtte frå fritidsfondet

Alle barn og unge har rett til å delta i leik, fritidsaktivitetar og kulturliv. Fritidsfondet bidreg til at fleire får delta. Dersom ein har utfordringar med økonomien, har ein mogelegheit til å nytte denne ordninga. 

Frå Fritidsfondet kan du årleg søkje om å få dekka ulike utgifter til:

  • Medlemskontingent 
  • Trenings- og aktivitetsavgift 
  • Kulturskuleavgift 
  • Lisensar
  • Eigenandel for turar, treningsleirar, deltaking på stemne og cupar 
  • m.m.

Fondet er til for barn og unge mellom 5 og t.o.m. 19 år. Og for lag og organisasjonar som har lyst å ha arrangement for sosial utjaming for aldersgruppa, eller søkje for andre.

Ein kan søke fleire gonger i løpet av året.
Det kan søkjast om opptil kroner 5000,- pr år pr born, og kroner 5000,- pr år for lag og organisasjonar.
Det er ingen søknadsfrist.

Du søkjer helst via enkelt nettskjema som du finn nedanfor her. Evt. kan du sende e-post til irene.vaulen@solund.kommune.no, eller ringe 412 43 087 Søknaden din vert handsama konfidensielt.

Før du søkjer må du lese retningslinene som er utarbeida for fondet

Les retningsliner for tilskot til born og unge 5 - 19 år her (DOCX, 47 kB)

Les retningsliner for tilskot for sosial utjamning til arrangement i frivilligheita er (DOCX, 47 kB)

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet