OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta har fast kontortid på skulen. Det er eit gratis lågterskel tilbod for alle elevar ved skulen, og ein treng ikkje å bestille time. 

Slik når du oss

Vi har opa dør/dropin og er tilgjengeleg for elevar, føresette og lærarane kvar måndag på skulen f.o.m kl. 12.00- 13.30.
Kom gjerne innom for ein prat.
Elevar kan bruke helsesjukepleiar i skuletida utan å få fråvær.

Anna oppfølging, timeavtalar og vaksinasjon blir utført i lokala på helsestasjonen.

 

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta
Funksjon Telefon Kontor
Skulehelsetenesta 958 46 413 Solund ungdomsskule 3. etasje (PPT-kontoret)
Solund helsestasjon 57 78 62 82 / 991 55 424 Solund helsetun 2. etasje

Om tenesta

Skulehelsetenesta arbeider for å fremje god helse blant born og unge og styrkje deira meistring i kvardagen gjennom helseopplysning, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjon. Skulehelsetenesta kan gi råd og rettleiing om fysisk, psykisk og seksuell helse.
Elevane kan ta opp vanskar, utfordringar, eller det dei lurar på

Skulehelsetenesta har i tillegg til fastsatt program, også lokale tilbod på enkelte skulesteg.
Lovpålagte tenester i skulehelsetenesta består av helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.
Vi kan samarbeide med andre etter behov og avklaring med eleven og eventuelt føresette.
Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, fysioterapeut og psykolog.
Alle dei tilsette i skulehelsetenesta har teieplikt.

Faste tilbod frå skulehelsetenesta

Grunnskulen

  • 1. steg: Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege. Tilsette i skulehelsetenesta deltek på foreldremøte. 
  • 2. steg: Vaksine mot DTP-IPV.
  • 3. steg: Vekstmåling. Helsesamtale
  • 6. steg: Vaksine mot MMR
  • 7. steg: Vaksine mot HPV, 2 dosar
  • 8. steg: Helsesamtale. Tilsette i skulehelsetenesta deltek på foreldremøte
  • 10. steg: Vaksine mot DTP-IPV

Gjeld alle klassesteg: Skulehelsetenesta deltek i undervisning etter avtale med skulen og etter fastsett program.

Nyttige lenker

Hilde Marit Nikolaisen Trovåg
Leiande helsesjukepleiar
Helse og omsorg
Epost
Telefon 57 78 62 82
Mobil 991 55 424
Til toppen