Folkehelse

Kven arbeider eigentleg med folkehelse? Kommunen, eller du og eg?

Helsevesenet gjer omlag 10% av folkehelsearbeidet, dei resterande 90% er det faktisk du og eg og alle andre sektorar som står for

Folkehelse på individnivå

Gjennom livet er det små og større tiltak vi alle kan gjere, for å ha eit godt og langt liv med så god helse og funksjon som mogeleg. Gode råd og verktøy finn du under helseråd

For det blir eit betre liv av

  • Kaffikoppen med naboen 
  • Basaren og andre møtepunkt
  • Merking av turstiar på berg og fjell 
  • Gratisplassar på fritidsleirar for dei som ikkje har råd
  • Tryggare vegar med gatelys 
  • Tidleg språkopplæring. For å nemne noko.

Folkehelse på systemnivå

Vi greier sjeldan å komme i mål med gode helsevanar på eiga hand.

God folkehelse vert og til via planverket, både lokalt, regionalt og nasjonalt, av di dette skal sikre alle mest mogeleg like mogelegheiter.

Solund sin folkehelseplan finn ein ikkje som eigen plan, men i samfunnsdelen i kommuneplanen.

Kommunen sine planar skal imøtekome utfordringar og bygge vidare på suksessar som er beskrive i vår eigen folkehelseoversikt. Denne reviderast kvart 4. år, men er ei levande oversikt som oppdaterast jamleg.

Du kan lese folkehelseoversikta her (PDF, 2 MB)

Folkehelserådet

Kommunen sitt folkehelseråd er ein aktiv bidragsytar i folkehelsearbeidet, og rådet vert samansett av administrasjonssjefen. Rådet har vanlegvis møte tre gonger i året.

Folkehelsekoordinator

Solund kommune sin folkehelsekoordinator har kontortid måndag og tysdag

Følg oss

Her, og på Facebooksida "Folkehelse i Solund" vil vi fortløpande publisere informasjon som kan bidra til god helse. Informasjonen vil gjerne variere med årstid og aktuelle nyhende.

Mona Hjønnevåg
Folkehelsekoordinator
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 43
Mobil 41 30 80 83