Turistinformasjon

Velkomen til Solund!

Vi som bur i Solund er stolt over den flotte staden og naturen vår. Vi vil at du som gjest skal kjenne deg heime her. Test ut alle våre gode sørvis- og aktivitetstilbod og bruk og nyt den spanande naturen så best du kan; - både på sjø og land. Vi ber deg samstundes: Ta godt vare på naturen medan du oppheld deg her. 

PS! I høgsesongen og i helgane bør du vere merksam på at det kan vere mykje trafikk på ferjene om morgonen og ettermiddagane.
Ferjerute Krakhella - Rutledal - Rysjedalvika: Lenke 
Ferjerute Daløy - Haldorsnes: Lenke

 

Turistinformasjon på nett:

Her finn du informasjon om Solund som reisemål, overnatting og aktivitetar: 

Lenke til Visit Fjordkysten og Sunnfjord med tlf.nr. 57 74 30 00

Lenke til Solund kommune si heimeside om aktivitetar og idrettsanlegg

 

Turistinformasjon kontor

Turistinformasjonen er lokalisert på Gjenbruket i Hardbakke senter: Lenke til Gjenbruket 

Turistinformasjonen er open:

Frå veke 32

Måndag - fredag
Laurdag

Klokkeslett

11.00 - 16.00
11.00 - 15.00

Telefon til turistinformasjonen 908 82 860

E-post: post@solund.info

 

Butikkar

Hardbakke: 

Opningstider Spar: kl. 9.00 - 18.00 (15).
I perioden 3. juli - 30. juli: kl. 9.00 - 19.00 (16).
 

Nåra:

Opningstider Nærbutikken Nåra:
Måndag - Torsdag: kl. 9.30 - 17.00
Fredag: kl. 9.30 - 18.30
Laurdag: kl. 9.30 - 16.00
I perioden 1. juli - 30. juli: kl. 9.30 - 18.30 (16).

 

Matservering

Tintin Mat og drikke - Matvogn i Hardbakke hamn

Opningstider: 
I perioden 26. juni - 27. august gjeld følgjande opningstider: 
Måndag: Stengt
Tysdag - Fredag: kl. 14.00 - 20.00
Laurdag - Søndag: kl. 12.00 - 20.00

Heimesida til Tintin mat og drikke: Lenke
Facebook-side: Tintin mat og drikke

 

Skafferiet Mat og drikke - Restaurant i Internatvegen 21, Hardbakke

Opningstider m.m:

Heimesida til Skafferiet mat og drikke: Lenke
Facebook-sida til Skafferiet mat og drikke: Lenke

 

Havkroa - Restaurant i Nordre Hjønnevåg 16, Ytre Sula

Opningstider m.m:

Facebook-sida til Solund rorbuferie: Lenke
Facebook-sida til Havkroa  restaurant: Lenke
 

 

Camping og telting:

Allemannsretten i friluftslova med rettar og pliktar gjeld også i Solund. Etterlev normal skikk og bruk i utmark, vis aktsemd ved bruk av bål jamfør forskrift om brannførebygging og ta med deg avfallet. Følg naturvettprinsippet: «Sporlaus ferdsel»

Lenke til informasjon om camping og teltplassar i Solund

Lenke til informasjon om Allemannsretten

 

Offentlege toalett:

  •    Servicebygget i Hardbakke hamn
  •    Ferjekaia på Krakhella
  •    Hamna på Hersvik

 

Nokre nyttige telefonnummer:

 

Legekontoret i Solund

Legekontoret i Solund er for innbyggarane (folkeregistrerte) og dei som har fastlege her. Reisande har tre val:

  • Ved ulukker/akutt naud ring 113
  • For rask hjelp/legevakt ring 116 117. Der får ein vurdering av graden av akutt, og vurdering om de må kome til næraste akuttmottak. Det kan være at de då må til Haukeland, Førde eller liknande.
  • Ringe fastlegen din og få ei vurdering over telefon dersom det ikkje er akutt. Fastlegen kan råde dykk til å ringe akutt telefonen 116 117, kome heim til ein legetime eller gi medisin på resept. Det er ikkje apotek i Solund.

 

Bibliotek ligg ved Hardbakke hamn:

Biblioteketet ope tysdag, onsdag og torsdag kl. 11.00 – 13.00

Lenke til biblioteket

 

Elbil-ladar:

Det er hurtigladar ved Hardbakke senter på Hardbakke. 

 

Fiske og friluftsliv i Solund

Du kan finne meir informasjon om fiske, friluftsliv og idrettsanlegg i Solund, andre stadar på heimesida:

Lenke til meir informasjon om idrett og friluftsliv i Solund

 

Bandtvang for hundar

Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn, at dei hindrast i å drive eller forfylgje viltet. Det er ordinær bandtvang for hundar i Solund i tråd med hundelova. Det er bandtvang i tida frå og med 1. april til og med 20 august. I tida utanom bandtvang kan hundar kun vere lause, viss dei anten

  • vert fulgt og kontrollert på akstsom måte, eller
  • er forsvarleg innegjerda

Lenke til hundelova 

MERK:

Det er mange stader i Solund det går sau og geit som er innegjerda med elektronisk gjerde (Nofence). Det betyr at sjølv om det ikkje er gjerde i eit område kan det likevel vere bufe der. 

Det er også stader der det går kyr. I denne samanheng kan det vere greitt å vere klar over Kuvettreglane (lenke). 

 

Anna

  • Det gjeld nasjonale retningsliner for å drikkevatn i naturen i Solund. Sjå meir informasjon hos Folkehelseinstituttet (lenke til nettside).