Solund bibliotek

Solund bibliotek ligg i hamna i sentrum av Hardbakke, og er eit kombinasjonsbibliotek mellom folkebibliotek og Solund barne- og ungdomsskule sitt skulebibliotek.

Opningstider Solund bibliotek

Opningstider Solund bibliotek
Dag Tidsrom dag Tidsrom kveld
Tysdag 11.00 - 13.00 *
Onsdag 11.00 - 13.00 * 17.00 - 19.00 **
Torsdag 11.00 - 13.00 *

* Kjernetid - er den tilsette tilstades utanom desse tidene og døra er opa er det berre å stige på
** Ikkje juni - august

Kontakt biblioteket

Telefon

E-post

Post- og besøksadresse

57 78 62 66

bibliotek@solund.kommune.no

Hardbakke 24, 6924 Hardbakke

 

Her kan du søke i biblioteket si samling, låne, fornye lån m.m.

 

Solund biblioteket tilbyr utlån av dvd-ar, skjønn- og fagbøker for alle aldrar, tidsskrifter, musikkcd-ar og lydbøker. I tillegg tilbyr vi utlån av e-bøker. I tillegg til fysiske bøkert har vi óg fleire digitale tilbod, som t.d. utlån av e-bøker.
 

Nettbiblioteket

Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek (tidlegare bokhylla.no), kan du lese norske digitaliserte bøker som kom ut frå år 2000 og tidlegare. Pr. 2021 er det over 500 000 bøker tilgjengeleg i nettbiblioteket. I tillegg er det mogeleg å lese mange tusen tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete.

Nettbiblioteket er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Nasjonalbiblioteket kan etter konkret spørsmål gje andre brukarar tilgang for særskilte formål, i hovedsak forsknings- og utdanningsformål, etter nærmare definerte kriterier. Bøker som er opphavsrettslig beskytta, er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift.
Du finn lenke til nettbiblioteket her

Lån og fjernlån

Dersom du ikkje finn materialet du er på jakt etter på biblioteket si heimeside, kan du og/eller søke opp boka på Biblioteksøk. Du finn lenke til biblioteksøk her

Her kan du òg bestille bøker frå høgskular/universitet og utanlandske som bøker i frå Det flerspråklege bibliotek. 
Du finn lenke til det flerspråklege biblioteket her 

Nasjonalt lånekort

For å kunne bestille noko via Biblioteksøk må du ha Nasjonalt lånekort, dette får du ved å kontakte biblioteket.
Du kan óg bestille digitalt nasjonalt lånekort. Du kan bestille digitalt lånekort her

Filmbiblioteket

Nasjonalt lånekort gjev deg óg tilgang til Filmbiblioteket der du kan låne filmar digitalt og gratis.
Du finn meir informasjon og oversikt over alle tilgjengelege filmar på desse nettsidene:

cineast.no

filmoteket.no

Andre tilbod

Biblioteket har ein bærbar pc til bruk for publikum, i tilegg kan du logge deg på trådlaust nettverk med eigen pc.

Pressreader gjev deg tilgang til norske og utanlandske aviser og og tidsskrift. Du finn lenke til Pressreader her

Ved å følgje biblioteket si facebook-side vil du få varsel om stenging, aktivitetar, arrangement, utstillingar m.m.
Du finn lenke til biblioteket si facebook-side her

Biblioteket har ein kombinert post- og innleveringskasse utanfor inngangsdøra til bruk når ein vil levere inn bøker når biblioteket har stengt. OBS. Det er luke på toppen for bøker og pakkar

Andre nyttige lenker

Randi Storøy
Biblioteksjef
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 66