Innspel til prioritering av spelemiddelsøknader med meir

Det er søknadsfrist for spelemiddelsøknader 15. januar kvart år. I denne samanheng skal spelemiddelsøknadane frå kvar kommune prioriterast lokalt, med politisk vedtak. Dette vert gjort i handlingsplanen til fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. 

Utsikt mot sognesjøhytta - Klikk for stort bilete

Merk at i denne omgang kan ikkje Solund kommune stå som søkjar for andre anlegg enn dei som allereie er i prosess, og desse ligg i framlegg til prioriteringsliste. Dersom det er andre aktørar som ynskjer å stå som søkjarar/ planlegg å søkje 15. januar 2024, så må dette meldast no. 

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019 – 2023 går ut i år. Det er planlagt å forlenge levetida på denne til 2025, då mykje av det som står i denne framleis er relevant. Det vil bli gjort ytterlegare vurderingar av denne planen i samband med arbeidet med kommunal planstrategi. 

 

 

Solund kommune ynskjer innspel:

  • Til prioriteringslista som ligg under (framlegg til “Revidert handlingsprogram…”)
  • For å melde om at ein planlegg å søkje 15. januar 2024
  • Til planlagt forlenging av kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2019 – 2023

 

Innspel sendast til postmottaket: post@solund.kommune.no. Merk e-posten med “Sak 19/116”. Frist for innsending av innspel: 31. oktober.

Lenker: