Spelemidlar og planar

Har du framlegg til nye anlegg inn i kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv?

Vi ynskjer innspel frå lag og organisasjonar som vil bygge eller rehabilitere anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Solund kommune. Anlegg kan og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart.

Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. For å vere med å finansiere slike anlegg kan det søkjast om spelemidlar. Spelemidlane får nye føresegner kvart år, det er difor viktig å sikre at ein les siste versjon. For tida gjeld føresegner for 2023 for tildeling 2024. 

Lenke til føresegner for 2023 for tildeling 2024

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense det kan søkjast spelemidlar til

  • ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
  • rehabilitering av eldre anlegg
  • turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søkje?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. 

Søkjarar kan vere (til alle anleggstyper under pkt. 2.6 i føresegnene):

  • Kommunar, fylkeskommunar, kommunale og fylkeskommunale føretak, studentsamskipnader, idrettslag og organisasjonsledd i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (Norges idrettsforbund), samt i Samenes idrettsforbund-Norge.
  • Sammenslutningar organisert under Norges Jeger- og Fiskerforbund, Det Frivillige Skyttervesen og Norges Bilsportforbund.
  • Aksjeselskap, samvirkeføretak, stiftingar og andre sammenslutningar (først og fremst andre foreiningar enn dei nemnt over) med vedtekter som oppfyller kriteria i pkt. 2.3.1.

Søkjarar til friluftslivsanlegg (pkt. 2.6.17):

  • Den Norske Turistforening og samanslutningar organisert under foreininga (57 medlemsforeninger).
  • Samanslutningar organisert under Friluftsrådenes Landsforbund, samt Oslofjordens Friluftsråd, og Norsk Friluftsliv.

Departementet kan etter søknad godkjenne andre landsdekkande organisasjonar med idrett og fysisk aktivitet som hovudformål som søknadsberettiga. Eventuelle nye organisasjonar vil takast inn i føresegnene for påfølgande søknadsår.I heilt spesielle tilfelle kan departementet gi dispensasjon til andre søkarar.

Kommundelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Solund kommune sin Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Den blir revidert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret. 

Føremålet med planarbeidet er å få ein samla plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv for Solund kommune. Eit viktig mål for kommunal plan for idrett- og fysisk aktivitet er at den skal danne eit grunnlag for å kunne prioritere og å søkje spelemidlar til idrett- og friluftsanlegg.

Det er i «Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet» (i dei fleste tilfelle) ein føresetnad at anlegget eller tiltaket det blir søkt om tilskot til, inngår i ein vedteken kommunal plan.

Aktuelle lenker: 

Innspel til nye anlegg

Meld tilbake til oss innan 10. okotber om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. 

Søknadsfrist spelemidlar

Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til 5. januar. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad! Du søker via Anleggsregisteret sine søknadssider. 

Lenke til anleggsregisteret sine søknadssider

Anne Kristine Dyrdal
Rådgjevar
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Telefon 57 78 62 08