Arbeidsverkstad i kommunestyret 25. januar 2024

Det er sett i gang arbeid med revisjon av planstrategien. Det er lagt opp til at strategien skal vedtakast i juni, men dette avheng av framdrifta for prosessen. 

Kommunestyremøte 25. januar

Kommunestyret hadde temamøte 25. januar der dei fekk orientering om kva kommunal planstrategi er og orienteringar frå dei ulike sektorane om arbeid, mogelegehiter og utfordringar. Solund Næringsamskipnad var på plass og sa noko om deira syn på framtida. Det vart også orientert om bygdevekst, pågåande prosjekt og samferdsle. Dagen vart avslutta med ein arbeidsverkstad politikarane og adminstrasjonen kom med innspel på styrkar, hovuduttfordringar, tema ein ynskjer å vite meir og nye tankar som har kome i løpet av dagen. 

Resultat av arbeidsverkstaden ser de her: 

 

I tillegg vert det jobba med eit kunnskapsgrunnlag. Dette dokumentet er under arbeid: