OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

PPT - Pedagogisk psykologisk teneste

PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord er ei felles teneste for kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger og Solund.

Kva gjer PP-tenesta

PP-tenesta er sakkunnig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp.

PP-tenesta skal

  • sørgje for at det blir utarbeidd lovpålagte sakkunnige vurderingar 
  • bistå barnehagar i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlege behov.
  • hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov 
  • sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det.

Føremålet er at elevane får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Du kan lese meir om PPT på udanningsdirektoratet sine nettsider

Samtykke - Solund på tvers

I nokre tilfelle vil det vere nødvendig med eit tett samarbeid mellom ulike offentlege instansar for å kunne gje best mogleg oppfølging til eit barn. Det må føreligge samtykke for at offentlege instansar kan samarbeide og dele teiebelagt informasjon.

Les meir om samtykke her

PP-tenesta for Ytre Sogn og Sunnfjord

PPT har kontor i 2. etasje i Fjalerhuset i Dale

PPT-leiar er Berit Louise Bjørnsen. 
Telefon 952 55 939
E-post berit.louise.bjornsen@fjaler.kommune.no

Postadresse:
PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

Du finn relevante dokument og meir informasjon om tenesta på fellessida for PPT for Ytre Sogn og Sunnfjord

Lovverk

Opplæringslova

Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35
Til toppen