Solund på tvers

«Solund på tvers» er eit skjema for samtykke. I nokre tilfelle vil det vere nødvendig med eit tett samarbeid mellom ulike offentlege instansar for å kunne gje best mogleg oppfølging til eit barn.

Det må føreligge samtykke for at offentlege instansar kan samarbeide og dele teiebelagt informasjon.

I skjemaet kryssar ein av for dei aktuelle tenestene som kan samarbeide og dele informasjon. Samtykket gjeld for ein viss periode, og det kan når som helst trekkast tilbake.

Du finn skjemaet Solund på tvers her (PDF, 131 kB)

Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35