Kva kan kommunepsykologen hjelpe med?
Tenesta rettar seg mot vaksne, born og unge med psykiske vanskar, som har behov for kortvarig psykisk helsehjelp. Tilbodet omfattar individuell samtaleterapi, parterapi, familiesamtalar, foreldrerettleiing og rettleiing til pårørande i 1 - 5 samtalar.
Tenesta vil vidare ha fokus på å gje psykisk helsehjelp til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar, til dømes ved reaksjonar på kriser eller belastningar. Kommunepsykologen skal vere eit lågterskeltilbod med fokus på førebygging og meistring.
Kommunepsykologen er også tilgjengelig for tilsette i barnehage, skule eller helseteneste som ynskjer kompetanseheving eller innspel på pedagogiske opplegg knytt til psykisk helse.
Psykologtilbod til barn og unge
Psykologen tilbyr samtalar for born og ungdom med milde til moderate psykiske vanskar som til dømes angst/bekymringar, depresjon, låg sjølvkjensle, reaksjon på skremmande opplevingar og samspelvanskar. For barn inneber det i stor grad samtalar og samarbeid med dykk som føresette. I direkte arbeid med born vert ofte ofte teikning, plastelina eller leikefigurar nytta. Psykologen samarbeider med andre når det er aktuelt og føresette ynsker. Dette kan vere helsesjukepleiarar, PPT, BUP, skule, barnehage eller andre. Her finn du meir informasjon om tenesta til born og unge. (PDF, 273 kB)
Psykologtilbod til vaksne
Tilbodet eignar seg for menneske som har milde til moderate psykiske plager som til dømes angst/bekymringar, depresjon, relasjonsvanskar eller anna og som ikkje allereie har eit behandlingstilbod.
Avgrensing
- Utgreiing av lærevanskar eller tilpassing i barnehage og skule skal til PPT, Pedagogisk Psykologisk Teneste.
- Personar som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP (barn) eller DPS (vaksne) for oppfølging.
- Akutte psykiske lidingar og helseproblem blir ikkje handtert av kommunepsykologen, men av fastlege/legevakt
Kontakt:
For å komme i kontakt med kommunepsykologen kan du, lege, helsesjukepleiar, barnehagetilsette, skuletilsette eller andre bruke tilvisingsskjema:
Skjema for barn og unge under 16 år. (PDF, 356 kB)
Skjema for personar over 16 år. (PDF, 357 kB)
Ein kan også ringe i telefontida tysdagar kl. 11-12. Dersom det kan vere aktuelt med eit tilbod, får du får fyst éin vurderingssamtale for å vurdere kva som er rett tilbod. Dersom vidare oppfølging hjå psykolog er rett, ber eg om at klienten får ei somatisk undersøking av lege før vidare oppfølging vert gitt. Dette er ikkje nødvendig dersom tilvising kjem frå lege og somatisk undersøking er gjort før vurderingssamtalen.
Barn/unge under 16 år må ha samtykke frå begge foreldre/føresette for tilvising.
Tenesta har eit korttidsfokus (1-5 timar). Tenesta er gratis.
Psykologen har teieplikt.
Psykologen snakkar norsk, engelsk og tysk.
Ingrid Grønnæss
Kommunepsykolog i Solund kommune
Tlf. 469 33 658
E-post: ingrid.hildisch.gronnaess@solund.kommune.no