I fyrste omgang får du tilbod om ein avklaringssamtale for å kartlegga behova. Kommunepsykologen gjer ingen omfattande utreiing. Dersom avklaringstimen avdekker at du har behov for lengre oppfølging eller treng tilvising til spesialisthelsetjenesta, vil kommunepsykologen hjelpe med dette.
Tenesta har fokus på førebygging og tidleg intervensjon, via konsultasjon, kurs og rettleiing. Kommunepsykologen jobbar også med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape helsefremjande arenaer for barn og unge.
Kommunepsykologen er tilgjengeleg for tilsette i barnehage, skule eller helseteneste som ynskjer kompetanseheving eller innspel knytt til psykisk helse.
Ved ønske om konsultasjon, kurs, rettleiing eller kompetanseheving, ta kontakt på mail: hanne.tvedt@solund.kommune.no
Kommunepsykologen skal vere eit lågterskeltilbod med fokus på førebygging og meistring. Psykologen har teieplikt.
Psykologen er til stades i Solund i oddetalsveker
Ved behov for tilvising til kommunepsykologen
Ta kontakt med helsestasjon, skulehelsetenesta eller fastlege for tilvising til psykolog.
Born og unge må ha samtykke frå begge foreldra/føresette for tilvising.
Tenesta er gratis
Her finn du nyttig info og nettstadert om psykisk helse (PDF, 654 kB)
Saksgang og klage
Dersom det kan vere aktuelt med eit tilbod, får du får fyst éin vurderingssamtale for å vurdere kva som er rett tilbod. Dersom vidare oppfølging hjå psykolog er rett, vert du beden om å ta ei somatisk undersøking av lege før vidare oppfølging vert gitt. Dette er ikkje nødvendig dersom tilvising kjem frå lege og somatisk undersøking er gjort før vurderingssamtalen.
Dersom du ikkje får tilbod og er ueinig i avgjerda eller ikkje er fornøyd med tilbodet du har fått, har du rett til å klage.
Kommunepsykologen er ein del av kommunen si førebyggande og behandlande helseteneste, og held til på Solund Helsetun. Gjennom tidleg inngripen ynskjer kommunen å førebygge at psykiske lidingar veks seg store. Målet for kommunepsykologen er å tilby tidleg hjelp for å unngå at vanskane blir større.
Det fins mykje god hjelp å få andre plassar også, til dømes over internett.
Her kan du finne ei oversikt over gode nettstader som psykologen anbefalar. (PDF, 468 kB)
Her ligg tips til barn og vaksne i alle aldrar, og med ei rekke ulike problemstillingar.
Psykologen tilbyr samtalar for born og ungdom med milde til moderate psykiske vanskar som til dømes angst/bekymringar, depresjon, låg sjølvkjensle, reaksjon på skremmande opplevingar og samspelvanskar. For barn inneber det i stor grad samtalar og samarbeid med dykk som føresette. I direkte arbeid med born vert ofte teikning, plastelina eller leikefigurar nytta.
Psykologen samarbeider med andre når det er aktuelt og føresette ynsker det. Dette kan vere helsesjukepleiarar, PPT, BUP, skule, barnehage eller andre.
Tilbodet eignar seg for menneske som har milde til moderate psykiske plager som til dømes angst/bekymringar, depresjon, relasjonsvanskar eller anna og som ikkje allereie har eit behandlingstilbod.
Avgrensing
- Utgreiing av lærevanskar eller tilpassing i barnehage og skule skal til PPT, Pedagogisk Psykologisk Teneste.
- Personar som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP (barn) eller DPS (vaksne) for oppfølging.
- Akutte psykiske lidingar og helseproblem blir ikkje handtert av kommunepsykologen, men av fastlege/legevakt
Lovverk:
Pasient- og brukarrettigheitslova
Helse- og omsorgstenestelova
Helsepersonellova
Forvaltningslova