Solund Dagsenter

Solund Dagsenter er et dagaktivitetstilbod for eldre heimebuande innbyggjarar i Solund kommune.
Tilbodet er også tilrettelagt for personar med demens, og kan bidra med ein meningsfull kvardag med fokus på aktivitet og sosialt samvær.

Solund Dagsenter finn du i kjellaren på Solund Helsetun

Vårt mål er

  • gje auka livskvalitet og meiningsfylt innhald i kvardagen
  • gje tilbod om ulike aktivitetar
  • bryte einsemd og etablere kontakt
  • gje avlasting til pårørande
  • lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus
  • skape kontakt mellom dei som bur heime og dei som bur på institusjonen

Slik søkjer du

  • For å få plass på Dagsenteret må du ha fast bustad i kommunen 
  • Du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Vi på Dagsenteret hjelper deg gjerne med å fylle ut søknad.

Er du usikker på om dette er eit tilbod som passar deg er du velkomen innom på besøk før du søkjer.     

Her finn du søknadsskjema for plass på Solund Dagsenter

Opningstider

Tysdagar

Torsdagar

09.00 - 15.00

10.00 - 15.00

Pris - eigendel

Opphald på Solund Dagsenter kostar kr. 40,00 pr dag.
Dette inkluderer kaffi og noko attåt

Ynskjer du å kjøpe middag kostar dette kr 120,00 pr dag

Solund kommune sender ut faktura kva månad

Skyss til dagsenteret

Serviceskyss i Solund går kvar torsdag (ikkje raude dagar) og ein kan verte henta ved bustaden sin. 
Eigenandel kr 30,- pr. tur.

Her finn du meir informasjon om ruter og tinging

 

Les brosjyre med informasjon om dagsenteret her (PDF, 104 kB)

Solbjørg Espeland
Aktivitør
Helse og omsorg
Telefon 48 27 95 94