Frisklivstrening

Frisklivstrening er eit gratis gruppetreningstilbod for alle innbyggjarar over 18 år. Du treng ikkje å motta tenester frå frisklivssentralen for å delta. Ta kontakt med frisklivssentralen for å melde deg på. 

Treninga kan passe for deg som

  • ynskjer hjelp til å komme i gang med fysisk aktivitet
  • treng råd og inspirasjon til korleis du kan trene effektiv utan å trenge mykje utstyr
  • syns det er krevjande å kome i gang med trening åleine

 

Det vert lagt til rette for at alle kan delta uansett føresetnadar. Her er både pensjonistar, hobbymosjonistar, atletar og alt i mellom velkomne.

Innhald

Treninga inneheld ulike styrke- og kondisjonsøvelsar, med fokus på å auke styrke og fungering i heile kroppen. Vi tek i bruk minst mogleg utstyr, og nyttar oss godt av uteapparat og øvelsar med kroppsvekt

Tid og stad

Treninga føregår kvar torsdag kl 17:30  ute på Solund idrettsplass. 
Avhengig av vér kan treninga verte flytta til Solund treningssenter eller Solund helsetun treningsrom. 
Det er difor viktig at du melder deg på før du kjem.

Ole Kristian Sund
Treningsfysiolog
Helse og omsorg
Epost
Mobil 45 97 40 03