OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på offentlege parkeringsplassar merka for rørslehemma. Det er ingen parkeringsavgift på slike plassar.

Kven kan få parkeringskort?

For å søke om parkeringskort må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar. Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar. 

Slik søkjer du

Du kan søkje om parkeringskort både om du køyrer sjølv eller om du er avhengig av å bli køyrt av andre.

Her finn du søknadsskjema for parkeringskort og skjema for legeerklæring (PDF, 87 kB)

Dette må legge ved søknaden

  • Passfoto
  • Legeerklæring som dokumenterer at du er rørslehemma

Søknad med vedlegg sendast:

Solund kommune
v/Randi Storøy
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Innkomne søknader vert handsama fortløpande

Meir om parkeringskort

Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan då bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.

Å få parkeringskort er gratis

Du finn meir informasjon om parkeringskort på vegvesenet si heimeside

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok brevet. Grunngje kvifor du klagar. 

Dersom kommunen ikkje finn å kunne endre vedtaket, blir saka sendt vidare til Statsforvalteren som siste klageinstans. 

Forskrift

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede

Randi Storøy
Konsulent
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 47
Til toppen