Hardbakke tannklinikk

Hardbakke tannklinikk ligg i Hardbakke Senter på Hardbakke

Tannklinikken er ein ambuleringsklinikk, og er bemanna med tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær frå Hyllestad tannklinikk 1 - 3 gonger i månaden.

Tilbodet ved Hardbakke tannklinikk

Hardbakke tannklinikk gjev i utgangspunktet berre tilbod til prioriterte grupper med rett til gratis tannbehandling. Dette er:

  • Barn og ungdom frå fødsel til og med det året dei fyller 18 år
  • Eldre, uføre og kronisk sjuke med opphald i somatiske/psykiatriske institusjonar som sjukeheim, aldersheim og sjukehus
  • Pasientar som mottar heimebaserte tenester
  • Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
  • Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret betalar 25 prosent av det tannbehandlinga kostar. 


Frå 1.januar 2022 er 21- og 22-åringar prioritert gruppe og får 50 % rabatt på fylkeskommunale takstar.

Dersom du har akutte problem

Hyllestad tannklinikk tilbyr akutthjelp dersom uhellet eller smerten skulle vere ute. Under samme klinikkområde ligg også Askvoll tannklinikk dersom den reisa er lettare. I Bergen finn du tannlegevakten som hjelper deg på kveldstid eller i helgene.

Er du usikker på om det er akutt? Ring Hyllestad tannklinikk, så hjelper dei deg! Tannskader hos barn er for eksempel alltid anbefalt å få ein sjekk på!

Og om du har rett på tannhelsetjenester frå det offentlege får du óg dekka alle reisekostnader over 1050,- per år. Spør på tannklinikken, så får du eit skjema for refusjon.

Nytt frå 2023

Hardbakke tannklinikk ynskjer å tilby tannhelsetenester til personar i Solund som har vanskar med å komme seg til tannlege andre stader, då hovudsakleg eldre.

Målet er å bemanne tannklinikken ofte nok til at alle som verkeleg treng det får tilbodet, men desse personane vil komme sist i «køen», etter dei prioriterte pasientane. Pasientane betaler for tannhelsetenesta etter fastsette takstar

De finn informasjon om dei mest vanlege takstane for tannbehandling på Vestland fylkeskommune sine nettsider

Då det kan vere vanskeleg for tannklinikken å nå ut til dei som treng dei mest, tek dei gjerne imot ynskje om time på epost til post.hyll@vlfk.no, eller per telefon til Hyllestad tannklinikk 57 78 86 22


Kontaktinformasjon

Hardbakke Tannklinikk
Storehaugen 4D
6924 Hardbakke

Telefon: 57 63 68 85

Telefonnummer til Hyllestad tannkinikk: 57 78 86 22

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar?

Ta gjerne kontakt med Hyllestad tannklinikk på post.hyll@vlfk.no, eller klinikkleiar for Hardbakke/Askvoll/Hyllestad Martha Rolland Jacobsen, martha.rolland.jacobsen@vlkf.no.

Du finn meir informasjon om tannhelse på Vestland fylkeskommune sine heimesider