Skal de søkje om spelemidlar?

Person kastar frisbee i korg - Klikk for stort bileteSendebrett Trond Sæbø Skarpeteig

Solund kommune ynskjer tilbakemelding på om det er lag og organisasjonar som planlegg å søkje om spelemidlar ved søknadsfristen 15. januar 2024. Dette må vere konkrete prosjekt der blant anna finansieringa er på plass til søknadsfristen. Merk kort frist: 10 oktober. 

Det er nok med ei kort tilbakemelding no, søknaden kan ein ta seinare. Det er behov for å få inn innspel no, for å få prosjekta som tenkjer å søkje inn i handlingsplanen til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det er eit krav for å kunne søkje om midlar at prosjekta er i denne planen, spesielt for større prosjekt. Framlegg til handlingsplanen vil bli lagt ut for kort høyring seinare i oktober. Send innspel på e-post til post@solund.kommune.no

De kan lese meir på Solund kommune si heimeside i lenke.

Solund kommune kan ikkje per søknadsfristen 15. januar 2024 ta på seg å vere søkjar for fleire anlegg enn dei som allereie er i prosess. Solund kommune kan sjølvsagt bidra i søknadsskrivinga.