Aktiv på dagtid

Aktiv på dagtid er eit lågterskel aktivitetstilbod på dagtid i samarbeid med Frivilligsentralen.

Tilbodet er for alle over 18 år

Aktiv på dagtid har desse tilboda

Eigentrening

Gjennomfør ditt eige treningsprogram. Dersom du har behov for rettleiing kan du få det i samband med treninga.
Tid og stad: Måndagar kl. 13.00 -16.00 i kjellaren på Solund helsetun.
Ta kontakt med fysioterapeut for å avtale tid.

Bassengtrening

Trening i vatn leia av fysioterapeut. Fokus i treninga er bevegelse og styrke av heile kroppen, samt kondisjon. Treninga startar opp etter haustferien og følgjer skuleferiane. Etter treninga serverer Frivilligsentralen kaffi og frukt.

Tid og stad: Onsdagar kl. 11.15 i Idrettsbygget på Hardbakke. NB: Endra tidspunkt frå januar 2023

Fallførebyggjande trening

Treninga passar for deg som er litt ustø, og kjenner at beina ikkje er like sterke som før. Fokus i treninga er styrke og balanse. Treninga blir tilrettelagt av fysioterapeut, og du vil undervegs i treninga kunne setje deg ned eller støtte deg til ein stolrygg.

Tid og stad: Torsdagar kl. 11.30 på Solund Helsetun

Trening i Nord Solund

Variert trening leia av May Britt Tangenes.

Tid og stad: Onsdagar kl. 17.00-18.45 i Nord Solund Bygdetun.

Pris

Du betalar 300 kroner i halvåret, og kan då delta på så mange aktivitetar du vil. Ledsagar til brukar med følgjekort deltek gratis.

Transport

Du må sjølv ordne transport til aktivitetane. Serviceskyssen går kvar torsdag, og må tingast dagen før.

 

Her finn du oppslag med alle aktivitetane (DOCX, 24 kB)

Ann Helen Kvamen
Fysioterapeut
Helse og omsorg
Epost
Mobil 40 03 48 33
Irene Lambrechts Vaulen
Leiar frivillegsentralen
Samfunns- og næringsutvikling
Epost
Mobil 41 24 30 87