Kommunestyret vedtok i sak 004/26 den 05.02.26 reguleringsplanen med følgjande ordlyd:
"Solund kommunestyre godkjenner framlegg til reguleringsplan for Rørdalsfjord bru, PlanID 4636_202401, som vist på plankart datert 30.09.2025, og med føresegner og planomtale datert 2026.01.19, med følgjande endring: Føresegn 3.1.7 Kombinert formål for samferdsle og/ eller teknisk infrastrukturtrasear – o_SK endrast til:
1. Innanfor område o_SK skal det byggjast ei bru med føringsbreidde 6,5 m, i tillegg kjem sideareal til skulder og rekkverk
2. Brua skal ha eit seglingsløp på 9 meter x 3,6 meter.
Plankartet skal reviderast med vedtaksdato, og føresegnene skal reviderast i tråd med vedtaket.
Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-12."
Vedtaket er kunngjort i avisa Ytre Sogn, og er sendt i eige skriv til grunneigarar.
Reguleringsplanen omfattar brua og eit kortare vegstrekke på begge sider av brua. Vedtaket og heile planen finn ein i lenker
Klagefrist på vedtaket er sett til 13. mars 2026. Klage merkast Rørdalsfjord bru og sendast til post@solund.kommune.no, eller skriftleg til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.