Offentleg ettersyn - Storevatn - Sol Smolt AS

Sol Smolt AS har løyve til å produsere settefisk av laks, aure og regnbogeaure på lokalitet Storevatn i Solund kommune. No søkjer selskapet om endring frå gjennomstrøymingsanlegg til resirkuleringsanlegg. Det vert også søkt om utvida produksjon av biomasse frå 180 tonn til 230 tonn. Høyringsfristen er 08.01.25. 

Anlegget har vassdragskonsesjon frå NVE for regulering og uttak av vann frå Storevatnet og Skogavatnet. Lokaliteten ligg innanfor område avsett til næringsverksemd i gjeldande kommuneplan for Solund kommune.

Merknader skal sendast innan 08.01.25 til: Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke eller på e-post til post@solund.kommune.no.
 

Dokument i saka

I tillegg til dokumenta i saka har søkjar sendt inn dokumentasjon på beredskap og risikovurderingar. Desse dokumenta er unnateke offentlegheita. 

Søknad med tilhøyrande dokument er utlagde til offentleg ettersyn på Kommunehuset i tillegg finn du dei her i postlista.

Lenke: 24/960 Oppdrett lokalitet 13206 Storevatn: https://www.solund.kommune.no/politikk-og-administrasjon/om-oss/innsyn-og-postliste/sok-og-postliste/#/details/a-e8f93b5a__de8c__4fed__8410__71ae71ffb04f-2022002851!hDMSwL