Høyring temaplan for klima, energi og naturmangfald i Solund kommune 2024 - 2036

Vi menneske forvaltar jorda på ein slik måte at det fører til klimaendringar og utrydding av naturmangfald. I tillegg ser vi ei energikrise i horisonten. Planen seier korleis Solund kommune skal jobbe med desse temaa framover.  

Kommunestyret i Solund gjorde i k-sak 017/24 vedtak om å legge ut kommunen sin temaplan for klima, energi og naturmangfald ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Framlegget ligg på Solund kommune si heimeside og i resepsjonen på kommunehuset.

Planen gjeld for Solund kommune og legg føringar for det kommunen har handlingsrom til. Vi menneske forvaltar jorda på ein slik måte at det fører til klimaendringar og utrydding av naturmangfaldet i stort tempo. Og dette har skjedd over lang tid. I tillegg ser vi ei energikrise i horisonten. Planen seier korleis Solund kommune skal jobbe med desse temaa framover.  

I arbeidet med temaplanen ynskjer kommunen å hente inn synspunkt frå statlege og regionale organ. Solund kommune er oppteken av å sikre medverknad også blant kommunen sine innbyggjarar, lag og organisasjonar, og næringsliv, og oppmodar desse om å komme med innspel.

 Høyringsfristen er sett til 01.07.2024.

 Vi ber om at innspel merkast med sak 21/553 Temaplan for klima, energi og naturmangfald, og sendast på e-post til post@solund.kommune.no , eller skriftleg til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

 

Lenker

  • K-sak 017/24 Høyring temaplan klima, energi og naturmangfald 2024 - 2036 (lenke)
  • Temaplan for klima, energi og naturmangfald 2024 - 2027 (lenke)
  • Kunnskapsgrunnlag klima, energi og naturmangfald Solund 2024 (lenke
  • Vurderingar av lokale innspel til planarbeidet (lenke)