Om planforslaget
Vestland fylkeskommune har i samarbeid med Solund kommune utarbeidd detaljreguleringsplan for fv. 5591 Rørdalsfjord bru. Planarbeidet skal legge til rette for ei ny bru og betre vegstandard, som vil styrke framkomstforholda for både næring og busetnad på Ytre Sula, og bidra til lokal og regional verdiskaping.
Bakgrunnen for planarbeidet er behovet for ny bru over Rørdalsfjorden, då dagens bru er smal og legg begrensingar på transport og framkomst. Etter etablering av ny bru over Ytre Steinsund, vil all trafikk til og frå Ytre Sula bli flytta sørover og leidd via fv. 5591 Nåravegen og Rørdalsfjord bru. For å sikre trygg og effektiv trafikkavvikling, må brua og tilhøyrande vegstrekning oppgraderast.
Området rundt Rørdalsfjorden omfattar ein kystnatur som i hovudsak er lite påverka av tekniske inngrep. Tiltaket vil gripe noko inn i uberøyrt natur, og vil kome i kontakt med sjø/sjønære areal ved utfylling av massar som vært en del av prosjektet. Det er gjennomført sjøkartlegging i området, og elles naturmangfaldkartleggingar, kulturminneregistreringar, landskapsanalyse og andre naudsynte registreringar og fagrapportar i forbindelse med planarbeidet.
I forbindelse med bygginga av ny bru, er det ei forutsetning at Nåravegen over Rørdalsfjorden ikkje vært stengt i lengre periodar og i anleggsfasen. En stenging av Nåravegen vil ramma det lokale næringslivet og transport i større grad. Dagens eksisterande trase (bru), vil bli utfasa når ny trase er ferdig bygd.
Planframlegget omfattar følgjande dokument:
1. Plankart
2. Føresegn
3. Planomtale
4. Merknadsskjema
5. ROS-analyse
6. Teknisk tegningshefte
7. Mogligheitsstudie – forprosjekt silingsrapport traseval fv. 5591 Rørdalsfjord bru
8. VAO-rammeplan
9. Rapport - geoteknikk
10. Rapport – hydrologi, flaum, bølger, stormflo og havnivåstigning
11. Rapport – Landskap
12. Rapport – Naturmangfald på land
13. Rapport – Marint Naturmangfald
14. Rapport – Klimagassberekningar
15. Rapport – Berekraft
16. Rapport – etablering av brufundament og bergskjering
17. Vedtak
Du finn alle plandokumenta i lenke.
Informasjon
Planarbeidet er kunngjort i Firda Avis 20. november, samt på Solund kommune si
heimeside, Høyringar på planarbeid i Solund kommune - Solund kommune
Meir informasjon om planarbeidet vil også bli lagt ut på Vestland fylke si heimeside:
Fylkesvegprosjekt i Vestland - Vestland fylkeskommune, eller på saksinnsyn, saksnr: 2023/40845 https://www.vestlandfylke.no/postlista/
Merknader og Innspel
Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 15.11.2025 – 04.01.2026.
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med
merknad kan sende inn via eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune eller sende e-post til post@vlfk.no eller med vanleg brev til Vestland fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger
Ved spørsmål, ta kontakt med planleggingsleiar Kari Seim på tlf. 952 24 707 eller e-post: kari.seim@vlfk.no.
Kontaktperson for planarbeidet i Solund kommune er Leiar for Plan og tekniske tenester Kjartan Nyhammer, tlf. 959 17 471, e-post kjartan.nyhammer@solund.kommune.no