Høyring og offentleg ettersyn kommunal planstrategi for Solund kommune 2024 - 2027

Føremålet med planstrategien er å prioritere kommunen sitt planbehov i valperioden.

Kommunestyret  i Solund gjorde i k-sak 015/24 vedtak om å legge ut kommunen sin planstrategi for 2024-2027, jf plan- og bygningslova § 10-1 ut på høyring og offentleg ettersyn. Endringar i tråd med politisk vedtak er gjennomført i høyringsdokumenta. 

Planstrategien er eit hjelpemiddel for kommunen til å fastlegge det vidare planarbeidet i kommunestyreperioden. Arbeidet med planstrategien er ein arena for å drøfte utviklingstrekk og planbehov i kommunen, samt avklare behov og planoppgåver som best kan løysast gjennom interkommunalt samarbeid. Planstrategien har ingen direkte rettsverknad. Føremålet med planstrategien er å prioritere kommunen sitt planbehov i valperioden.

I arbeidet med planstrategien skal kommunen hente inn synspunkt frå statlege og regionale organ, og i tillegg frå nabokommunar. Solund kommune inviterer med dette nemnte partar til å kome med innspel på dei utfordringane som krev planlegging på tvers av forvaltningsnivå og kommunegrenser, eventuelt andre innspel relatert til arbeidet med kommunal planstrategi.

Solund kommune er oppteken av å sikre medverknad også blant kommunen sine innbyggjarar, lag og organisasjonar, og næringsliv, og oppmodar desse om å komme med innspel.

Høyringsfristen er sett til 26.05.2024.

Vi ber om at innspel merkast med sak 23/2 Kommunal planstrategi, og sendast på e-post til post@solund.kommune.no , eller skriftleg til Solund kommune, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

Lenker

  • K-sak 015/24 Høyring kommunal planstrategi for Solund kommune - (lenke)
  • Kommunal planstrategi for Solund kommune 2024 - 2027 (lenke (PDF, 2 MB))
  • Tidsplan til kommunal planstrategi for Solund kommune 2024 - 2027 (lenke (PDF, 167 kB))
  • Kunnskapsgrunnlag til kommunal planstrategi 2024 (lenke)
  • Folkehelseoversikt 2023 (lenke