Klubben bustadfelt

Klubben  er eit regulert bustadfelt og ligg eit lite stykke nord for Hardbakke sentrum. Feltet ligg fint til med utsikt over Liasundet mot vest. 

Det er totalt 18 bustadtomter og 12 sjøhus-/nausttomter i området. Kjøp av sjøhustomt føreset at ein har kjøpt bustadtomt.

Prisar

Type

Bustadtomt
Sjøtomt

Pris

Kroner 388.000
Kroner 150.000


Det er lik pris for alle tomtene, uavhengig av storleik og plassering.

I tillegg til kjøpesummen kjem:

  • kostnader for oppmåling
  • tilknyting for vatn
  • tilknytingsgebyr for avlaup
  • dokumentavgift 
  • tinglysningsgebyr

Tildeling fortløpande etter innkomne søknader.

Tildeling av tomt skjer etter kommunestyrevedtak 075/16

Du finn bilde i finn annonseringa (lenke). 

For nærare interesse og opplysningar; ta kontakt med Solund kommune - tlf 57 78 62 00 eller epost post@solund.kommune.no

Dokument

Her finn du detaljregulering Klubben bustadfelt. (PDF, 2 MB) (PDF, 2 MB)

Her finn du oversikt over feltet med tomtenummer  (PDF, 273 kB)
I oversikta finn du dei tomtene som er til sals.

Reviderte plandokument finn du her. (PDF, 4 MB) (PDF, 4 MB)

Anne Kari Reigstad
Ingeniør
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 28
Mobil 97 96 85 22