Prisar for byggesak

Sakshandsamingsgebyret blir rekna ut frå eit basisgebyr på kva du skal bygge, og eit arealgebyr for byggverket sin storleik. Dersom du søker om dispensasjon kjem dispensasjonsgebyret i tillegg. 

Dersom du må søke om dispensasjon for fleire forhold, oppmodar vi om at du søker om det samstundes. Det vil då bli handsama i ei sak, og du får redusert gebyr. 

Dersom det er uklart eller stor tvil om du får dispensasjon kan du søke dispensasjon utanom sjølve byggesøknaden. Om du ikkje får innvilga dispensasjon har du då ikkje brukt tid og pengar på å utarbeide byggesøknad.

Her finn du vedtekne betalingssatsar gjeldande frå 01.01.2024 (PDF, 392 kB)

Kjartan Nyhammer
Leiar plan og tekniske tenester
Plan og tekniske tenester
Epost
Telefon 57 78 62 17
Mobil 95 91 74 71