Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordning er eit (lovpålagt) tilbod til alle elevar i 1.-4 klasse og i 1.-7.klasse for elevar med særskilde behov. 

Skulefritidsordninga har tilbod etter ein modell med opningstid både før og etter skuletid måndag, tysdag, torsdag og fredag, og heile dagen onsdag.

Korleis søkje

Du søkjer elektronisk ved å logge deg inn med med bankId eller liknande

Søk om plass på skulefritidsordninga her

Søknadsfrist

Søknadsfrist for SFO-plass er 1. mai kvart år

Du kan velje mellom 3 alternativ

Dagplassar

Det kan vere mogeleg å kjøpe dagplass etter avtale med SFO-ansvarleg

SFO-tilbodet har ope på skuledagar, og er stengt når skulen har fridagar.

 

Prisar SFO skuleåret 2023 - 2024

Elevar i 1. og 2. klasse får inntil 12 timar gratis SFO i veka
Prisar SFO skuleåret 2023 - 2024
Tidsrom Pris Merknad
Full plass 1. - 2. klasse Kr. 1.356 pr månad Halv pris i juni og august
Full plass frå 3. klasse Kr. 2.835 pr. månad Halv pris i juni og august
Inntil 14 timar pr veke 1. - 2. klasse Kr. 247 pr månad Halv pris i juni og august
Inntil 14 timar pr veke frå 3. klasse Kr. 1.785 pr. månad Halv pris i juni og august
Inntil 9 timar pr veke 1. - 2. klasse (onsdagar) Gratis
Inntil 9 timar pr veke frå 3. klasse (onsdagar) Kr. 1.150 pr. månad Halv pris i juni og august
Dagplass onsdagar Kr. 450 pr. dag
Dagplass andre dagar Kr. 260 pr. dag

Søskenmoderasjon m.m.

Det vert gjeve søskenmoderasjon i samsvar med barnehagen sine satsar for dette.

Dersom tal søkjarar til leksehjelp tilseier det, kan det verte aktuelt å legge dette inn i Skulefritidsordninga. 
Brukarar av SFO vil då få fråtrekk i prisen for desse timane.

Redusert foreldrebetaling SFO

Foreldrebetalinga for ein SFO-plass skal ikkje utgjere meir enn 6% av inntekta til familien. For å få reduksjon må ein sende inn søknad og leggje ved skattemeldinga for det siste året.

Dersom ein søkjer før 1. august gjeld retten til reduksjon heile skuleåret. Dersom ein søkjer etter 1. august, gjeld retten frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Retten til reduksjon gjeld for eitt skuleår om gongen. Søknaden skal sendast til

Solund kommune
Hardbakke 26
6924 Hardbakke.

Nyttige lenker

Årsplan SFO (PDF, 710 kB)

Vedtekter SFO (PDF, 579 kB)

 

Lise Villanger
Dagleg leiar SFO
Oppvekst og kultur
Epost
Mobil 99 09 31 74
Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35