Rettleiingsteam i oppvekst

Ressursgruppa har som oppgåve å handsame pedagogiske problemstillingar knytt til barn i barnehagen og elevar i skulen. Målet med ressursgruppa er å kunne setje i gang tiltak på eit tidlegast mogleg tidspunkt for å hjelpe barn og unge som treng det.

Ressursgruppa er samansett av

  • PPT
  • styrar i barnehagen
  • rektor
  • spesialpedagog og
  • helsesjukepleiar.

Gruppa har faste møte gjennom året. Tilsette i barnehage og skule kan melde inn saker til ressursgruppa.

Alle sakene som vert drøfta skal vere anonyme, om ikkje det er innhenta samtykke frå føresette.

Her finn du brosjyre for rettleiingsteamet skuleåret 2023/2024 (PDF, 195 kB)

Øystein Bolset Strand
Leiar oppvekst og kultur
Oppvekst og kultur
Epost
Telefon 57 78 62 35