OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Mobbeombodet i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.

Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. 

Meir informasjon om mobbeombodet

Aina Drage er mobbeombod for barn og unge i Vestland, og jobbar for at barn skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Alle kan ta kontakt. Mobbeombodet kjenner barn og unge sine rettar og kan fortelje korleis ein skal gå fram om eit barn ikkje har det bra i barnehagen eller på skulen.

Mobbeombodet har teieplikt og  jobbar på sjølvstendig grunnlag, det vil mellom anna seie å vere uavhengig av barnehage- og skuleeigar.

Mobbeombodet er først og fremst tilgjengeleg for barn, unge og føresette. Styrarar, rektorar, tilsette i barnehage, skule og SFO, helseteneste og andre som arbeider med barn og unge er òg velkomne til å ta kontakt og drøfte (anonymt) generelle utfordringar eller uro. 

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/).

Du kan lese meir om mobbeombodet og korleis du kan få hjelp på Vestland fylkeskommune sine nettsider

Biletet syner mobbeombodet i Vestland, Aina Drage - Klikk for stort bileteMobbeombod Aina Drage 

 

Til toppen