Tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søkje om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere han eigna slik at du kan halde fram å bu i han, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Om tilpassing av bustad

Det fins låne- og tilskotsordningar som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som er aktuelle for deg.

Tilpassinga må vere føremålstenleg, og behovet for tilskot blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.

Du lan lese meir om låne- og tilskotsordninga på nettsida til Husbanken

Tverrfagleg gruppe for bustadrådgjeving

For å imøtekoma personer med behov for bistand i bustadtilpassingssaker, har kommunen etablert ei tverrfagleg bustadrådgivingsgruppe.

Bustadrådgivingsgruppa er samansett av

  • ergoterapeut Hilde Moen Lamo
  • byggjerådgjevar Anne Kari Reigstad 
  • økonomirådgjevar Kjell Mongstad 

Gruppa samlast når søknader kjem inn og elles etter behov.

Medlemmane sine ansvarsområde

  • Ergoterapeuten har ansvar for funksjonsvurdering, praktiske løysningar, kontakt med pleie- og omsorgssektoren og hjelpemiddelsentralen 
  • Byggerådgjevar representerer den byggetekniske kompetansen, kostnadsberekning og vurdering av praktiske løysingar
  • Økonomirådgjevar vurderer dei økonomiske verkemidla, finansiering og brukaren sin økonomiske evne

Har du behov for å gjere tilpassingar i bustaden din?

Ta kontakt for spørsmål og rådgiving straks behovet melder seg. 

Til saman vil den tverrfaglege gruppa ha nok kompetanse og få inn nok opplysningar til å kunna avgjere innkomne søknader om finansiering av små eller store tilpassingar av din bustad på ein god måte.