Bustøtte

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Sjekk om du kan få bustøtte

På nettsidene til Husbanken kan du sjå om du kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva grenser for inntekt som gjeld. Her kan du òg prøve bustøttekalkulatoren.

Les meir om bustøtte på heimesida til husbanken 

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad.
  • Du får svar innan den 20. neste månad saman med evt utbetaling
  • Får du bustøtte, vert søknaden din automatisk overført til neste månad om det ikkje skjer endringar. 
  • Dersom du får avslag fordi du har for høg inntekt ein månad vert søknaden din automatisk overført til neste. Dette skjer i 3 månader før søknaden vert sletta på grunn av for høg inntekt.

Slik søkjer du om bustøtte

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. 

Her finn du elektronisk søknadsskjema for bustøtte

Her finn du søknadsskjema for bustøtte på papir

Søknad på papir sender du til:

Solund kommune
v/Randi Storøy
Hardbakke 26
6924 Hardbakke

Du skal ikkje sende søknad om bustøtte på e-post

Du må melde frå om endringar

Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysingar i vedtaket du får. Du har plikt å melde frå dersom det er endringar i opplysingane du har gjeve i din søknad. Dette gjeld mellom anna

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student
  • dersom antal barn i husstanden har auka

Dersom du/de flyttar til ein ny bustad må det sendast ny søknad

Du kan klage på vedtaket

Du kan klage på vedtak om bustøtte dersom du meiner at vedtaket er gjort på feil opplysningar. Du må grunngje klaga og legge ved eventuelle nye opplysningar og dokumentasjon. Du har tre veker frist til å klage etter at du mottok vedtaket. 

Klaga skal sendast til Solund kommune

Lovverk 

Lov om bustøtte og kommunale bustadtilskot

Forskrift om bustøtte

Randi Storøy
Konsulent
Stab
Epost
Telefon 57 78 62 47